Leserinnlegg – Kvar er seniorar og pensjonistar ?

 Odd Himle, leiar av Senior Norge Hordaland
Ifølge Internett mottek 921 000 menneske alderspensjon frå NAV i 2018, dvs. me kan vel då rekna med at det er 921 000 pensjonistar i dette landet og at om lag like mange stemmer kjem frå pensjonistar ved eit val? Det vil  seia at ”pensjoniststemmene” utgjer ein vesentleg del av stemmene ved politisk val i landet.  Desse stemmene kjem frå ei samfunnsgruppe som ikkje alltid er prioritert i samfunnet, sjølv om denne gruppa utfører tenester for ca 25 milliarder pr. år.

Fakta er at alle, som når ein viss alder, blir pensjonistar enten dei likar det eller ikkje – til og med politikarar!  Og som pensjonist havnar du i gruppa som stortinget har avgjort skal ha 0,75 % mindre lønnstillegg pr. år enn yrkesaktive, og er du gift eller sambuar skal det trekkjast 10 % av grunnpensjonen.

Dette skal du som pensjonist akseptera og finna deg i fordi ei Stoltenberg-regjering, og stortinget, frå januar 2011, meinte at pensjonistar får billigare brød, mjølk, brunost, straum og bensin enn alle andre i samfunnet! Men dette er, rett og slett, samfunnet og stortinget sitt store «pensjonistran»!  Over år, i ein pensjonistperiode, blir det ganske mange pengar som staten lurar deg for.

Men til dei politiske partia og nominasjonslistene. Eg stiller følgjande spørsmål til alle politiske parti som stiller nominasjonlister / kandidatar til valet neste år:  Med så stor del av stemmene i landet frå  pensjonistar, kor mange politiske kandidatar på 65 år (og 65+) finst på partia sine nominasjonslister?

Dersom det ikkje finst kandidatar på 65 og 65+ år, kva er grunnen?  Kom ikkje med den dumme forklaringa at folk er «for gamle»,  for folk som er 80 og 90 år, kan vera like friske og oppegåande som 60 og 50 åringar. Alder er berre eit tal, og  i mange tilfelle eit ikkje særleg viktig tal. Det er almen tilstand og helse som er viktig. Og ein ting bør alle politiske parti vera klar over – folk får ikkje automatisk redusert hjerneaktivitet og gjer ein dårleg jobb fordi om dei blir eit år eller to eldre. Tvert i mot – eldre får også meir erfaring for kvar dag som går, og dei har i utgangspunktet, lenger yrkes- og livserfaring enn yngre menneske.

– Så kvifor skal ikkje denne «godt vaksne» og kompetente gruppa delta meir i styring av samfunnet? Kvifor skal politiske parti vera så utruleg uforskamma og uprofesjonelle å ikkje setja opp dyktige, «godt vaksne» kandidatar på nominasjonslistene?  (Ref. m. a. 71 år gamle H-politikar Svein Flåtten, Vestfold, som i 2016 blei vraka av sine eigne partikollegaer pga. alder – uforskamma og uakseptabelt!)

I grunnen burde kvar tredje kandidat på alle nominasjonslister, frå listetopp og nedover, koma frå den kompetente samfunnsgruppa over 62 år. Med politisk styrande frå denne gruppa kunne me, gjerne, til og med få eit betre og meir rettferdig samfunn – for alle?

 

Odd Himle

leiar av Senior Norge Hordaland

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter