Andres Sundre

Kjelde: Eilev Stave

 

Han Andres Sundre var kasserar i Ål kraftverk i mange år, budde i Sundre-garden like nedenfor Tingstugu i Ål sentrum, der Ål kulturhus no står. Han var skrekkeleg god til å rekne og kunne summere tre talkolonnar samstundes, utan reknemaskin! Han var pliktoppfyllande, og arbeidde ofte lang overtid for å få alt unna. Inga kjerring venta. Han var ungkar, var glad i todagars festar, og etter nær førti år på samme kontorkrakken såg han sterkt fram til pensjonsalderen. Han var lut lei kraftverket, for å seia det slik.

 

Ein oktoberkveld var han Andres Sundre beden til storbonden Torstein Breie i eit karfolklag. Det var høg stemning, langt på natt, stort inntak av Eau de Vie med selters og heimebrygga maltøl. Karane måtte utom veggen rett som det var. Det som han Andres ikkje visste om, eller såg i mørket, var det nye elektriske gjerdet til Breie.

Då han kom ut i bekmørket, ganske ustø, stabba seg nokre meter frå huset og stilte seg opp, fumla han fram veslekaren i brokji, og kom til å setja stråla rett mot gjerdetråden! Karane inne høyrde brått ein forsrekkeleg gaul ute. Verten sprang ut og høyrde Andres tumla omkring i mørket, banna og sverta: – Neimen fanken, ska e ikkji få vera i fred for Kraftverket nokon gong?

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter