Butikksjefen og visarguten

Kjelde: Ola Kortgard

 

Ein turr og heit sommardag i 1950-åra, på Sunhov handelslag i Hovet i Hallingdal, sto støvgauven rundt veggane; det var lenge før asfalten kom. Turistsesongen var godt i gang, og det var bra med kundar. Ein ekspeditør måtte lata att butikkdøra for å halde støvplaga ute.

Inn kjem ei dame frå bygda. Ho råkte til å kjenne ekspeditøren godt, uvanleg godt, for å halde oss til sanninga. Ho helsa godagen, og det fyrste ho fekk auga på, var at han gjekk og slong med brokesmekken vid open. Ho bøyde seg fram over disken, blunka lurt, og sa:

  • Har du ikkji lete att butikkdøra i dag?
  • Jau, eg har nettopp lete ho att, for det støva so fælt i dag!
  • Du, sa ho og blunka og peika litt lågare ned, ikkji utedøre, tosken!

Han kikka ned, skjønte kva ho meinte, knepte att smekken, bøyde seg fram over disken mot henne, og med dempea røyst helt dialogen fram:

  • Du, fekk du auga på butikksjefen?
  • Nei, svara ho, nokon butikksjef fekk eg inkji auga på, eg såg ikkji anna enn ein trøytt og bleik liten visargut som hekk og drog seg over to mjølsekkji!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter