Den broderte fuglen

Kjelde: Ola Kortgard

Ei mor i Hallingdal var uroleg for å sleppe den pene dotter si på fest. Ho var rett nok konfimert, men heller ikkje stort meir. Nokon alvorleg samtale mellom dei hadde det aldri vorte noko av. Det fall seg likesom ikkje slik.

Mora kjøpte i staden ei pen lysegrøn truse og broderte ein fin liten fugl midt frampå. Jenta vart glad for denne presangen, tok på seg kunstverket og skulle snart av stad på fest. Mora bad henne om å vera forsiktig:

– Kan du lova meg, kjære Guri, at ingen kara fær koma i nærleiken tå fugger’n?

– Jau då, mor, det kan eg lova.

Neste morgon, ved frukostbordet, då jenta sat der drøymande med raude kjakar og blanke augo, spurte mora med skjelvande røyst:

– Guri, var det morosamt i går?

– Å ja, veldig!

– Det va vel ingen kara som nærma seg fugger’n?

– Nei fugger’n var det ingen som brydde seg om, men fytti helveti koss dei rota i reiret!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter