Eksperiment i Ål

Kjelde: Ola Kortgaard, Ål

 

Eit eldre gardbrukerpar her i Ål var ute på jordet kvar vår for å sjå om telen var gått, slik at dei snart kunne ta til å pløye og så. Det var nok litt tidlig, for det låg endå att kvite rendar med is og snø bortved skogkanten, og det blæs ein iskald vind frå Sangenuten.

Brått ser kjeringi at mannen går og sleng med brokesmekken vid open.

– Neimen Lars, då, kofor går du slik?

– Å, dæ æ meir som eit ekksperiment …

– Ekksperiment, du?

– Ja, hugsa du i fjor vår, då me voro ute og skull’ sjå ette om telen va’ gjingi? Hugsa du ikkji at e gjikk med skjurta ope i halsen, utta skjerf, og hugsa du ikkji då kor nøggle stiv e vart i nakka etterpå?

 

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter