Fruktbar mistyding

Kjelde: Rannveig Frøiland, Hordaland

 

Ei lærarinne frå Hedemarken hadde vore på ei lita studieferd i Hordaland, til Bergen og litt nordover – på folkemunne kalla Strilelandet.

Der vart ho skikkeleg forelska, langt oppover øyro, men da skuleåret tok til att, måtte ho dra attende til heimfylket.

Vel heime oppdaga ho at ho var blitt gravid. Ho vart fortvila, ringde til kjærasten, hulka og gret og stotra fram: – Du sa jo du var garantert steril! – Steril? ropte han. Eg sa at eg var garantert stril!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter