God skikk i Setesdal

Kjelde: Sigmund Skomedal, Bygland

Setesdal høyrde i gamal tid til Råbyggelaget. I dei gamle rettsprotokollane er det mykje interessant å finne. Mellom anna står det om ei spesiell valdtektssak i Valle. Ein ung gut, Ole Olsen Valle, hadde blitt meldt for valdtekt av jenta han var trulova med, men før dei var gifte.

Saka kom opp for retten, og det såg nokså mørkt ut for ungguten. Da kalla han inn Olav Nestoga som vitne. Han var ein svært omtykt mann i bygda, og han kom med dette vitnemålet: – Det er gåmål skikk her i dalen å prøve ei vare før ein kauper ho.

Retten drog seg attende. I rettsprotokollen står denne domen: “Thi kjennes for rett, Ole Olesen Valle dømmes fri at være. Den gamle, gode skikk bør bibeholdes.”

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter