GRAVFERD TIL SLUTT

Kjelde: Frode Aga, Hardanger

Høgt oppe på ein av desse stupbratte fjellgardene i Hardanger strauk gamlingen med like før jol. Han hadde tre sterke og kanskje noko einfaldige søner. På grunn av uvêr og langvarig holkeføre var det uråd sjølv for desse kraftkarane å få han ned til bygda og i kristna jord. Dei hadde ikkje anna løysing enn å leggja han i snøen og venta på våren.

Da tida kom, fekk dei buksert den avlidne ned til kyrkjegarden og meldte frå til presten om dødsfallet og grunnen til at dei ikkje kunne ha kome før. Dette godtok presten.

Men då han for ordens skuld ville kikke på liket, var det ikkje noko vakkert syn: Det var rivi opp, heile kjøtstykke var borte, og djupe kloremerke skar seg på kryss og tvers i skrotten. Presten utbraut:

– I all verdas namn og rike, korleis er det far dykkar ser ut?

– Å, ikkje så verst, svara den eine sonen, for hugs at me har skote åtte revar på han i vinter!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter