Hardanger-siderens fæle konsekvenser

Kjelde: Frode Aga

Sider er nasjonaldrikken i Hardanger. Pressa eplesaft, vatn, sukker og villgjær er basis for ein himmelsk drykk. Fyrst på dunk, så på ballong, så på flaske. Det er ein omstendeleg prosess å få det godt til, og bøndene likar å smaka hjå kvarandre og tevla om å få til den beste sideren.

Ein sommer vart det turing i fleire veker. Hadde det ikkje vore for de driftige kvinnene langs Sørfjorden, var det snautt om fôret hadde kome i hus. Mange tok til å undrast på dette med alkohol, og eit folkemøte vart stelt i stand.

Ein profesjonell fråhaldspredikant vart leigd inn. Han la ut om alkoholens farlege fylgjer.

Da han var ferdig med det generelle, skulle han til med eit konkret døme:

– Eg kjende ein gong ein mann som drakk, det var ikkje ofte, men han drakk, og han fekk ein son, og han drakk, ikkje mykje, ikke ofte, men han drakk, og han fekk ein son, og han vart drankar!

Ein kar i salen, som var glad i sider, ville seia meninga si. Han steig opp på talarstolen og fortalde:

– Eg kjende ein gong ein mann som hadde diaré, og han fekk ein son som fekk diaré, ekkje ofte, ikkje mykje, men han fekk diaré, og han fekk ein son, og han var en dritsekk!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter