Kjelde: Amund Storeli
Det var ein flink handelsreisande som var spesielt god til å selja verktøy. Han arbeidde for ein større fabrikk og hadde kundar i bygningsbransjen over hele landet.
Om kveldane, på tilfeldige hotell her og der, vart det litt stusseleg å væra åleine. Men karen var sosial, ikke så verst å sjå på, og talegåvene var framifrå. Han utvikla etter kvart eit større nettverk av damer som kunne hjelpe han mot einsemda.
Men mat, drikke, gåver og alt anna var ikkje kostnadsfritt. I rekneskapsavdelinga i firmaet tok det til å dukke opp rekningar med “div. utlegg på damer”. Sjefen på avdelinga måtte bryte inn og gi seljaren eit godt råd. Han sa: – Skriv heller “spiker”, så skal eg fikse dette i bøkene.
Etter ei tid tok det til å dukke opp “spiker-rekninger” frå hele landet. Men stor var undringa då det kom ei rekning frå Rikshospitalet i Oslo: 1700 kroner i eigenandel og medisinering ved reparasjon av hammar.
Del gjerne innlegget på sosiale medier!