Lei forsnakking

Kjelde: Torfinn Trintrud, Ål

To kjæringar møttes i gangen på gamle posthuset på Sundre, sist på 70-tallet.

– Du Ragnhild, er det sant at du driv og ståkar med mannen min?

– Nei, kjære vene, korleis kan du koma på noko slikt?

– Jau, eg veit det, fordi du har sett ut rykte om mannen min.

– Eg veit ikkje kva du meiner.

– Å jau då, du har sagt det til fleire at mannen min har ei vorte på snurra.

– Nei, det har eg slettes ikkje sagt! Det er ikkje sant!

– Jau då, du kan ikkje nekte, du har sagt det til fleire.

– Nei, eg har berre sagt at det kjendest slik ut!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter