Mange vegar til målet

Kjelde: Lars Roar Langslet, Oslo

 

På ein kafe i ein stille og varm småby langt sør i Europa sat det to sjamørar og hadde det ulidelig keisamt. Dei slo i hel tida med å drikke øl og prate om kvinnfolk. Brått fekk den eine karen ein god ide: – No vil eg til pateren og skrifte mine synder!

Den andre såg undrande på han.

Etter ein halv time kjem karen att frå kyrkja, lurt smilande.

  • Korleis gjekk det? spurte kameraten.
  • Jau, bra. Eg sa til pateren at eg hadde ikkje vore i kyrkja hans på femten år, fordi eg hadde

hatt det for travelt. Så spurte eg om eg kunne få absolusjon fordi eg hadde vore utro mot kona mi. Det kunne eg få, men han var nysgjerrig på kven det var eg hadde synda med. – Er det kona til bakaren? spurte han. Eg svara ikkje, men han held på: – Er det kona til slaktaren? Eller er det kanskje kona til smeden?

  • Korleis gjekk det til slutt?
  • Det gjekk fint! Eg sa ingen ting, men fekk jo fleire nye og interessante adresser!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter