Misjonsbasar med kosekrok

Kjelde: Nils Gjeldokk

På ein misjonsbasar her i Ål vart det sagt noko som inkji var meiningi, men som mange likevel totte var morot. Ærverdige Guri Odden va te stades, heim att frå misjonsmarken kome, der ho hadde gjort ein stor innsats gjønom mange, mange år, og på desse basare va ho meir som ein heidersgjest å rekne. Dei rekna nok med at loddsalget ville auke mykjy, der ho Guri Misjonær sette seg.

Formannen i misjonslaget ynskte velkomen på denne måten:

– Hjartelig velkomen te basare våre. Her e mange fine gevinsta, duka, teppu, fruktkorgji, strikkevottu og mykjy fint. Det bi servert både kaffi og lefsekling. Dei som vilja ha eit nummer burti kroken hjå’n Guri Odda, kan få det.

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter