- «0,75 % -saka». Det årlege lønnsoppgjeret for pensjonistar blir underregulert med 0,75 % i forhold til lønnsoppgjeret for yrkesaktive. Men alle utgifter er like store for pensjonister som for andre. (Det er ikkje pensjonistpris verken på brød og smør eller bensin.). Underreguleringa er djupt urettferdig og stemplar, i tillegg, pensjonistar som ein slags uønska «B-gjeng» i samfunnet – som ikkje har same verdi som andre borgarar / skal ikkje ha same godane eller levestandard som andre. Regjering og storting må syta for at underreguleringa blir fjernast omgåande.
- «10 % -saka». Det er 10 % trekk i grunnpensjonen for gifte eller sambuande pensjo Dette er også ei urettferdig ordning som må fjernast. (Kva om det vart innførd 10 % trekk i løna til gifte eller sambuande politikarar ?)
- Pensjonsalder. Eldre blir, av landet sine styresmakter, oppfordra til å stå lenger i arbeid, og har no rett til og arbeida til 72 år. Mange eldre, som er friske, raske og i god form, ønskjer også det, men blir likevel «sparka ut» av arbeidsgjevar. Ein arbeidsgjevar som har utmerka seg når det gjeld å «sparka ut» eldre arbeidstakarar, er NRK, men det finst mange. Dette “heng ikke på greip»: (1) Folk blir oppfordra til og jobba lenger. (2) Enkelte vil gjerne jobba lenger. (3) Arbeidsgjevar, også statleg, tvingar likevel folk til og slutta. Det er flaut å ha eit slikt samfunn – kvar er logikken? Dette må det ryddast opp i.
- Arbeidstakarar har no rett til å jobba til 72 år. Men aldersgruppa 67 – 70 år får sjukepengar berre 16 dagar frå arbeidsgjevar, men kan få 60 dagar frå NAV. Men det krev ei årsløn på minst 2G. Men arbeidstakarar som har fylt 70 år, har ikkje rett til sjukepengar. Dette er ei urettferdig ordning som heller ikkje «heng på greip». Dette må det ryddast opp i og endrast til ei rettferdig ordning. Alle som er i arbeid i samfunnet skal ha same vilkår – uansett alder.
- Minstepensjon – satsar. Nordmenn skryter og seier dei bur i verdas rikaste og beste land, men alle har nok ikkje den følelsen. Mange minstepensjonistar har ikkje mykje å leva av, mange av dei blir gjerne, tvinga, til å bli glad i havregraut. Mange minstepensjonssatsar i landet (verdas rikaste/beste?) ligg godt under EU si fattigdomsgrense – for få år sidan inntil kr 41 000 under. Slik tek ”verdas rikaste landet” vare på mange av sine tidlegare slitarar.
6) Digitalisering Det er mange pensjonistar (kanskje så mange som ca 500 000?) som enno ikkje er oppdaterte når det gjeld bruk av PC / data. Og dette blir dei økonomisk straffa for av mange verksemder. På faktura frå Telenor står det ”Gebyr for bruk av papirfaktura kr 99” – og Telenor sender ut faktura kvar månad, dvs. årleg gebyr blir kr 1188. Det er mykje pengar for mange pensjonistar, og dette er berre eit tilfelle i kvardagen.
Verksemder og offentlege etatar kan nytta kva betalingssystem dei vil, men eldre menneske skal ikkje straffast med gebyr (bøter) når dei betalar for tenester som dei må ha. Og dette gjeld ikkje berre betalingssystem. PC og bankID er snart inngangsportalen til det meste i samfunnet. Digitaliserings-samfunnet og hundre-tusenvis av borgarar som ikkje er ”digitaloppdaterte” er eit problemet som samfunnet må finna ei løysing på. Eldre skal ikkje bli straffa med bøter for ikkje å ha kunnskap (eller utstyr) til å betala rekningane sine på nett. Dette må styrande organ i samfunnet rydda opp i.
7) Kunnskapsrike eldre manglar. Styrande organ i landet manglar, i stor grad, representantar frå alder 62-63 år og oppover. Ut frå alder, yrkes- og livserfaring, ville, truleg, slike seniorar utgjera den mest erfarne og kunnskapsrike styringsressursen i samfunnet. Men slike samfunnsressursar blir, så godt som, ikkje brukt i samfunnet. Det er ikkje fordi eldre ikkje stiller opp, men fordi dei blir vraka av yngre kollegaer. Eit strålande eksempel er dyktige H-politikar Svein Flåtten, Vestfold, som ønskte å fortsetja på stortinget ein periode til, men vart vraka av sine eigne kollegaer frå ein sikker plass på stortinget, pga. alder 71 år (trivelege kollegaer!) Dette må samfunnet rydda opp i, det kan, m. a. stillast krav til alle politiske parti at kvar tredje representant frå toppen av nominasjonslistene skal vera over 62 år. Saka må følgjast opp av styrande organ.
8) Eldreinstitusjonar – plass. Eldre borgarar må få plass på eldreinstitusjon når det er nødvendig og gjerne einaste fornuftige løysinga. Og dei skal få tilbod om einerom – rommet blir heimen deira, og slett ikkje alle ønskjer å dela heimen sin med eit ukjent menneske. Dette må samfunnet rydda opp i og syta for at det fungerar.
9) Eldreinstitusjonar – aktivitet. Aktivitetstilboda er, diverre, ikkje like gode på alle eldreinstitusjonar. Mange som bur på slike institusjonar har ikkje mykje anna å finna på enn å sitja på ein stol og venta på neste måltid. Ymse aktivitetar kunne ha engasjert mange, det ville ha gjeve dagane ei meining, og ville, for mange, vore veldig positivt med tanke på livsstil, miljø, trivsel, helse, matlyst og gjerne redusert medisinbruk. Aktivisering av eldre på eldreinstitusjonar er viktig og må prioriterast. Her må styrande organ engasjera seg og ta ansvar.
10) Eldreinstitusjonar – eige kjøkken. Samfunnet har no endeleg innsett at storkjøkken og plastpakka mat for ei veke eller meir, ikkje er noko god løysing når det gjeld eldre og eldreinstitusjonar. Måltida er gjerne det einaste positive og det viktigaste som skjer gjennom dagen. Beste løysinga er lokale kjøkken og god heimelaga mat. Og det har vore mange sterke faglege argument frå både mat, helse- og ernæringsekspertar for å få gjennomslag for beste løysinga – heimelaga mat.. Men no framgår det klart frå stortingsmelding nr 15, ”Leve hele livet”, og når det gjeld lokale kjøkken står det følgjande: ”Renovering, etablering eller gjenetablering”. Statsråd Sylvi Listhaug informerte på møte i Skien tysdag 21. mai at frå 1. oktober er det mogeleg å søkja om statleg støtte til lokale kjøkkenprosjekt. Men om kommunar og lokale politikarar er i stand til å gjennomføra ordninga kan vera ei anna sak. Det er gjerne nødvendig at regjering og storting følgjer opp stortingsmelding nr. 15, ”Leve hele livet”.
Som avslutting bør det nemnast at pensjonistar, årleg og gratis, utfører arbeid og tenester i samfunnet til ein verdi av kr 25 milliardar.
Bergen, 6. juni 2019
Styret Senior Norge Hordaland
Magne Reigstad Karin Bjærum Helge Grotle
Elna Marie Lappegård Odd Himle Wigdis Espeland
Kontaktperson – styreleiar: Odd Himle
971 54 500 – oddhim@gmail.com
Del gjerne innlegget på sosiale medier!