Sølvbryllaup med tilslag

Kjelde: Ola Kortgard

Dei var godt nøgde med tilværet, han Lars og ho Birgit. 25 år med trutt arbeid på garden, kjekke og lydige ungar på høgskule. Øvst oppe på jordet, i gjerdedelet mot lauskogen og utmarka, med vidt utsyn over bygda, var det ei lita naturleg flate og eit lite bord med rund steinplate. Denne vakre pletten hadde dei nytta seg av til ymse trivselstiltak mange gonger alle desse åra.

På sølve sølvbryllaupdagen, ein augustdag i strålande solskin, rusla dei opp jordet, han hadde med klappstolane og ho ei korg med kylling, mat og vin i eine handa og eit pledd over den andre armen. – Dette blir reine pikknikken, humra han Lars.

Og det gjekk svært bra. Maten og vinen vart fortært med von og lengt, praten var nær og varm, og mange gode minne strøymde på. Der gjekk som det måtte. Pleddet vart bretta ut, og dei sette i gang. Han ga på, tok spenntak bak seg og køyrde på alt han greidde, og dess meir han peisa på, dess betre vart mot-jukket.

Då akten var overstått, dei pusta og pesa, strauk ho ham over håret og beintfram skrytte av han.

– Du Lars, du er jo faktisk betre no enn du var femogtjue år sidan, og det er visst sjeldan!

– Å ja, svara han, men den gongen hadde eg ikkje spenntak i eit elektrisk gjerde!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter