TJENESTJENTA FRÅ VARHAUG

Av: Venevil Birkelund, Bokn

Den blide Venevil har valt lærargjerninga og den avanserte venstresida. I tillegg opptrer ho med musikk og forteljinger i lag med venner rundtom i Rogaland. I muntre jentelag blir det visstnok både søte og barske sogar. Frå ei veninne i Stavanger kjem ei av dei klassiske søte:

Dette var før bilismen si tid. Ei jenta frå Varhaug hadde teke seg tenest i eit herskapshus her i byen. Ein morgon då ho steller i stand på soverommet, finn ho noko rart som ligg att i senga til frua i huset. Ho tek det ytterst i klypa, går inn til kokka og spør kva det er. – Har du ikkje sett det før, det er eit kondom. Brukar de ikkje slikt på Jæren? – Å jau, sa jenta, me putlar og pular litt på Varhaug au, men ikkje slik at skinnet dett av!

Når jentelaget er inne på temaet, kjem denne i same slengen:

Ei frodig dame kom inn i eit lokalt apotek nordpå og spurte:

– Har dokka kondoma i størrels XXXXL?

– Ja, det har vi. Vil du kjøp nånn?

– Nei, men æ dæ greitt at æ sitt her å vente til nånn gjør dæ?

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter