Farleg studietur til Bergen

Kjelde: Tom W. Lund, Hemsedal

 

Ein bonde frå Nes på Romerike, som representerte Senterpartiet i kommunestyret, hadde vore på studietur i Bergen. Der vart han særdeles godt kjent med kona til ein fiskar i byen, ja, så godt kjent at det endte med farskapssak.

Fiskaren var heldigvis ein godlynt mann som var svært glad i kona si. Han tilgav det som hadde hendt, og ville framleis halda både på kone og born. Men han meinte likevel at bonden skulle gjera opp for seg, og difor vart det rettsak.

Dommaren ville høyre synet fra begge partar. Bonden vart avhøyrt fyrst. Han tok utgangspunkt i jordlovas § 36, 2. ledd punkt D, som lyder: «Hvis en del av bondens sed faller på annen manns grunn, skal grøde tilfalle grunneieren.»

Fiskaren var samd i dette, men ville gjerne få føya til punkt 16 i lov om fiske og fangst, som seier: «Hvis faststående redskap settes innenfor grunnlinjen på annen manns grunn, skal det kappes så tett inntil festet som mulig, for dermed å hindre at ny skade oppstår.»

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter