Fisketur med tung bør

Kjelde: Olaf Kolbjørnsen

 

Ein kar som arbeidde på stasjonen i Ål, var så fæl til å skryte. Anten det var jakt eller fiske, var han likesom den beste støtt. Men det hendte han forsnakka seg.

Ein dag uti august skrytte han so forskrekkeleg av all den fisken han hadde tatt inn på Veståsen dagen før. – Det var minst 40 kilo, visste han å fortelja. – Å, du overdriv vel litt no, sa eg, og det kunne vel òg vera seigt nok å bera så mykje fisk ned til bilen? – Ja, kanskje det berre var 30 kilo, sa han. – Å, du overdriv vel endå, sa eg, og det er tungt nok å bera så mykje fisk så langt! – Å nei, det var inga sak, sa han, for det var mest berre småfisk!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter