Kloke menn og dumme kjerringar, eller?

Kjelde: Aud Gaundal

 

Det var to karar som sat og diskuterte kven som hadde den dummaste kjerringa.

  • Kjerringa mi, sa den eine, ho er så dum. Trur du ikke det at ho har kjøyrt opp med bil og tatt førarprøva, og eg som ikkje eingong har bil!
  • Ja, men det er verre med kjerringa mi. Trur du ikkje det at ho skal til Syden saman med eit par veninner, og då ho pakka kofferten i går kveld, såg eg at ho la nedi ei pakke med kondomar. Men ho har då slett ikkje noko utsyr!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter