Kompis i naud

Kjelde: Ola Kortgard

 

To sterke karer i tømmerskogen arbeidde på drepen for å tene pengar til bryllaup, hus og heim. Begge var forlova med kvar si pene jente. Karane budde i ei tømmerkoie, arbeidde helg og sykne, veke etter veke, for å leggja seg opp pengar til den store festen.

Det var langt til bygda, men problemet vart løyst ved at dei forlova damene kom på besøk kvar onsdag og laurdag, og dei vart over til tidleg morgonen etter.

Ein onsdag var den eine jenta sjuk, så den hi kom aleine. Ho helsa frå veninna, som rekna med at ho var frisk att til helga. Seint utpå kvelden, då det tok til å huske og knaka i overkøya, var det en påkjenning for han som låg åleine under. Det varte og det rakk, og det huska så det dura oppunder taket.

  • Du lars, seier han Svein spakt, han som ligg i underkøya.
  • Ja? kjem det andpustent ovanfrå.
  • Du Lars, du er kopis veit?
  • Ja då, ja då! … åh, åh …
  • Du er skikkeleg god kompis?
  • Ja visst, ja visst! … Åh, åh … Men kva pokker er det … åh, åh … du masar etter?
  • Eg lurte berre på om du ikkje kunne låne meg litt til laurdagen?

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter