På fylkestinget?

Kjelde: Lodve Solholm, Møre og Romsdal

 

Så var det den eldre bonden, skogeigaren og høgremannen som var medlem på eit av fylkestinga borte på Austlandet. Etter å ha vore på fylkestinget ei heil veke, kom han heim att til si unge og fyrrige kone på fredagskvelden. Ho hadde gledd seg svært til han skulle koma, så ho hadde stelt i stand biff, tatt fram ei dyr flaske raudvin og tent levande lys.

Men så skjedde det noko uventa. Då gubben hadde fått i seg måltidet, slokna han på sofaen. Og att sat ei vonbroten kone og undra seg.

Dagen etter skulle ho leie oksen til ei ku borte på grannegarden. Men det var heilt uråd å få oksen til å gjere det den skulle. Ho streva fælt, men til ingen nytte. Til slutt vart ho ergeleg, sinnet valt opp i henne, ho tok eit riveskaft og drog til oksen over baken så det small, medan ho utbraut:

  • Eg trur pinadø at du har vore ei veke på fylkestinget, du også!

 

Del gjerne innlegget på sosiale medier!

Se alle nyheter